#60

Eg jobbar som barnehagelærer i ein liten ideelt driven barnehage, men gjennomfører feltarbeid i forbindelse med vidareutdanning. Det gjer eg i ande barnehagar, mellom andre denne som er kommunal. På avdelinga er det 19 barn. To barn av dei har åtferdsvanskar (eg kjenner ikkje diagnosane) og eit anna barn har psykisk utviklingshemming. Denne veka har ein liten gut på 2,5 år blitt overført frå liten avdeling.

Eg er ferdig for dagen og er i ferd med å gå når eg oppfattar følgande situasjon; pedagogisk leiar og støttepedagogen til barnet med psykisk utviklingshemming er på møte, det kan ikkje vente. Den eine assistenten må gå for å hente sitt eige barn som er sjukt. Tilbake står ein assistent og skal avvikle formiddagsmat aleine, for barna med åtferdsvanskar har berre nokre små timar med støtte på tysdag og torsdag. I dag er det måndag.

Barna er fordelt på tre ulike bord, det er uroleg, assistenten hever stemma for å bli høyrt. Barnet som har psykisk utviklingshemming treng hjelp men å ete, assistenten seier ho må vente. Den nye guten på 2,5 gret og treng trøyst. Eg sit meg ned ved jenta og seier til assistenten at eg kan bli igjen til måltidet er ferdig, vel vitande om at eg då kjem for seint til neste avtale. «Du må berre gå om du må» seier ho, og så: «dette er heilt vanleg, eg gjorde det to gonger sist veke».

Eg blir sittande og oppdagar at to av dei minste på eit av dei andre borda ikkje har ordna seg mat. Eg sender dei brød og små-pratar om favorittpålegg. Den eine vil ha ost som står på eit anna bord, eg hentar. Den andre syns det er vanskeleg å velje mellom skinkeost og makrell. Vi landar på makrell. Assistenten har si fulle hyre med den eine guten med åtferdsvanskar, syltetøyglaset med namnet hans på er tomt, det er visst viktig for at han skal takle måltidet. Etterpå ryddar eg av bordet medan assistenten hjelper barna å kle på seg, ute er det fleire vaksne som kan passe barna i tillegg til dei på eigen avdeling forklarar ho.

Eg pakkar saman og lurar på om dei to småbarna fekk ete under alle måltida sist veke, eller veka før der. Kva med jenta med psykisk utviklingshemming, fekk ho ned noko? Og kva med alle dei andre? Dei som innordna seg?

Ute ser eg at barna blir passa, eller rettare sagt gjeta av dei tilsette på andre avdelingar. Dei tel barna og markerer på ei sjekkliste, meir har dei ikkje tid til. Gjetarar og gjerder sørger for at barna ikkje blir borte. Absurd tanke når så mange av dei alt er usynlege.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s