#egentlig – fortelling 34

Vi er 23 barn i alderen 0-6 kor for øyeblikket «kun» tre stk. er under 3 år. Vi skal i utgongspunktet vere 5 på avdelinga men det er sjeldan vi er det for tida.
Eg er ped.leiar og tidlig i september vart min bhg.lærer sjukemeldt og eg har vore aleina med alt det pedagogiske sidan. Pga sterk masing frå meg fekk vi vikar etter 16 dager. Det er TRE VEKER!!

Kvar fredag har ein ansatt fri grunna redusert stilling og vi er alltid 4 på fredager. Det er nok folk på huset sies det, men kvar fredag merkar ikkje vi det. Vi har i år ei særs krevande bornegruppe og at det er nok folk pr.born på huset har inga betydning for oss på avdelinga kor det er kaos og borna som treng ekstra oppfølging ikkje får det. Det føres kun tilsyn.

Forrige veke var ein person på ferie og vi gjekk 4 heile veka, ein ansatt i minus altså. I tillegg er barnehagelæreren fortsatt sjukemeldt så tre av dei dagane var tre faste og ein vikar.

Det er spesielt to born på avdelinga mi no eg bekymrar meg for men ikkje har kapasitet til å oppfølge slik som eg burde. Det eine bornet treng ein-til-ein gruppe dagleg og det kan eg ikkje gje. I staden for hiver eg han på ein fungerande vikar (takk og lov for dei) og ber dei spele eit spel eller gå på eit eige rom for fysisk aktivitet.
Vi har litt utfordringar i personalgruppa og når vi då aldri er nok folk så merkes dette ekstra mykje og det går ut over kvaliteten. Eg strekker ikkje over…

Eg kan ikkje vere sjuk, er eg vekke frå jobb får eg 98% av gongane mail frå ein el anna foreldre om eit kritikkverdig forhold og ein av assistentane sier alt er kaos.
For hvis eg er vekke i tillegg så kjem det jo ikkje vikar og vi må sende born vekk til andre avdelinger. Vi har gjort dette til noko positivt så borna syns det er stas, men vi får jo ikkje gjennomført planer, eller sørge for progresjon i det vi gjør når borna er rundt på andre avdelingar??

For oss har pedagognormen og bemanningsnormen gjort det verre for så lenge det ser bra ut på papiret så er det greit i praksis. Kommunane kan ikkje berre sjå på antal ansatt, dei må sjå på sjukefråvær og vikarbruk i tillegg. Hjå meg vert folk sjukemeldt no fordi dei er utslitt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s