#66

Har de møtt Sivert? Han ser trist ut i auga og har det litt vanskeleg om dagen, mamma og pappa har gått frå kvarandre og mykje av alt det trygge i kvardagen er borte. Korleis blir det i dag, kven kjem og hentar og kvar skal han vere? Han skulle nok gjerne hatt eit fang og ein trygg vaksen som kunne vere der og støtte han i alt det vanskelege.

Har de møtt Gro? Mammaen til Gro er nett komen heim med ein baby, Gro har fått ei veslesøster. Gro skulle så gjerne ha hatt litt mamma-tid, men plassen på mamma sitt fang er ofte opptatt av den nye babyen – for babyen skrik – og babyen vil ha mat. Og i barnehagen er det tilvenjing av nye barn, så der er det også kamp om å få plass på fanget.

Har de sett Anja? Ho er stolt som berre det, tenk ho har lært seg å skrive namnet sitt heilt åleine. Ho vil så gjerne fortelje og vise til alle som kjem innom.

Kva med Robert da? Han er veldig stille og litt vanskeleg å få auge på i alt mylderet, men augene lyser opp når det er song og musikk i samlingsstunda.

De har vel møtt Anette? Ho er heile tida i farta og finn ikkje ro i leik eller aktivitet. Ho har vanskar med å ta kontakt med dei andre barna for å leike og kjem lett i konflikt når ho prøver seg, for det endar ofte med at ho øydelegg for dei andre.

I vår barnehage legg vi vekt på Trygghet, Trivsel og Tillit. Store ord som krev personale som ser og anerkjenner kvart enkelt barn og deira behov. Det betyr at vi som vaksne må kjenne kvart barn og vite kva dei treng. Det betyr at vi må vere nærverande og ha kompetanse til å gjere grep som trengs og som tener barnet og barnegruppa.

Rammeplanen gir oss føringar for korleis vi skal jobbe i barnehagen, vi har også lokale planer som vi er forplikta til å følgje opp. Alt skal inn i ein travel kvardag, og barna sitt beste er vårt viktigaste fokus. Betyr det noko for kvaliteten kor store gruppene er? Og har vaksentettleiken noko å seie for om barnehagen er ein god plass å vere?

Skal Sivert få god støtte i sine opplevingar, må det vere nokon der som har tid til å lytte og hjelpe å sortere. Anja som har streva og er kjempestolt fordi ho endeleg har klart å skrive namnet sitt, treng også nokon som ser at ho har meistra det. Tenk om ingen av dei vaksne oppdagar Robert som treng hjelp til å kome inn i fellesskapen og at musikk kan vere ein nøkkel? Og Anette, skal ho kave åleine eller skal ho få den hjelpa ho treng til å lære ferdigheiter som gjer det lettare å kome inn i leiken og få venner?

Alle barn er ulike og unike og har krav på å bli møtt som den dei er. Mange har spesielle behov; i form av funksjonshemmingar eller sårbare i fasar av småbarnsperioden. Det vert mange å konkurrere med når gruppene er så store som no. Voksentettheit – Vi er ikkje 3 på avdelinga frå opning til stenging, er foreldre og politikarar klar over det? Berre frå kl. 9.30 til kl.14 er vi 3. Resten av tida er det to eller ein på jobb. Men barna er der – og dei treng det same anten klokka er 10 eller 15.30.

Vi melder få saker til barnevernet, altfor få seiest det. Men skal ein fange signala og skal barna tore å opne seg for oss, trengst det at vi har tid og nærver til å ta imot det dei ber på. Så har vi dei barna som er nokså «sjølvgåande», som greier seg og alltid vil greie seg. Har ikkje dei også rett til eit fang og litt merksemd innimellom?

Arbeidet vårt har i større og større grad blitt ei kjelde til dårleg samvit. Vi vil så gjerne strekke til, gjort det som vi veit er det rette å gjere. Men korleis skal ein greie det med så mange barn og så mange ulike behov på ei gruppe? Vi veit at det er viktig med tidleg innsats, kva hjelp er det i det når dei har det som sild i tønne og ikkje får det dei treng?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s